For dåkke som framleis har interesse av denne bloggen, har eg no (av studie-årsakar) ny blogg:
www.shoops.wordpress.com
Velkomen skal du vere!
Tips oss hvis dette innlegget er upassende
| Kommentarer (0)For dåkke som framleis har interesse av denne bloggen, har eg no (av studie-årsakar) ny blogg:
www.shoops.wordpress.com
Velkomen skal du vere!
Tips oss hvis dette innlegget er upassende
| Kommentarer (0)Det er så hinsides mange ting eg kunne tenkje meg å ha hatt under vingen min… Så om du er stinn av gryn og er i manko på objekt å bruke dei på, tek eg GLEDELIG i mot følgjande:
- Eit snøhetta 4-camp telt med to opning
ar.
- Powerbook G4, 15¨ og ein ekstern skjerm, 23¨, 250 GB minne.

- Joggesko som er spesialtilpassa på Løpelabben.

- Speilreflekskamera med stativ og ymse objekt.

- Konsertbillettar.

- Ein høg mann som kan henge opp liftgardina mi.

- Fleire 10-kronera som eg kan ha glede av på bingoen på Schous plass.

På forhand tusen takk, du som er stinn av gryn!
Tips oss hvis dette innlegget er upassende
| Kommentarer (6) 
Så står eg der blandt mange andre og hjertet mitt dunkar fortare enn før. Eg smiler heilt ute av kontroll og sjølv om musklane i kinnet har sagt i frå at no, no er det nok, så klara eg ikkje å la vere. Smile må eg om eg vil eller ikkje. Augene har vore opne av begeistring altfor lenge og eg kjenner at kontaktlinsene har aller mest lyst heim og legge seg i den komfortable og trygge linseveska, på badet i hylla si. Beina mine er slitne, men likevel står dei aldri i ro. Dei hoppar opp og ned, trippar fram og tilbake, svinger seg i rytmer som får kroppen til å bevege seg på autopilot. Og med eitt vert eg plutselig obs på at eg står der midt i klynga av mennesker og slår eine handflata mi i den andre, slik at det lagar ein lyd som blandar seg i lyden av akkurat same aktiviteten som alle dei andre gjer – slår handflatene i kvarandre. Eg klappar! Og det går opp for meg at sidemannen, sidemannen sin sidemann og sidemannen deretter gjer det også. Når eg ser meg rundt ser eg at alle står der og klappar. Kor rart er ikkje dette? Her står vi alle og gjer akkurat same aktiviteten, nokon synkronisert, andre ikkje heilt på noko slag – men rett som det passar dei, nokon på 1 og 3, og eit fåtal på 2 og 4. Med litt lite sikkerheit kan eg påstå at 75% klappar på både 1, 2, 3 og 4. Det meir musikken teke seg opp det meir klappar eg, og det meir forundra blir eg over at eg, og alle dei andre gjer det. Kor kjem all klappinga frå? Og kvar i frå kjem behovet for å klappe? Eg klarer ikkje å slutte å klappe sjølv om alle tankane mine er at det er så inderlig rart å stå der, blandt alle og klappe. "No klappar eg", tenkte eg, "no klappar eg, og no klappar dei, no klappa alle dei andre også. Kvar kjem all denne klappinga i frå? Kvifor har eg eit behov for å stå der og slå eine handa inni den andre slik at den lagar lyd? Og kvifor har dei andre akkurat det samme behovet?" Også, når dei herlige rytmene er over, set gitaristen i frå seg gitaren og slår eine handa inni den andre to gonger, slik at vi høyrer to klapp. Og alle klappar og jublar på same tid. "Takk for applausen" sa han, vokalisten i Dandy Warhols til publikum, til alle oss som stod og klappa. "Jo, berre hyggelig" tenkte eg.
Så vanvittig RART det er å klappe!
Tips oss hvis dette innlegget er upassende
| Kommentarer (6)