
Første vi gjorde når vi kom til hovudstaden Hanoi var å finne fram til hostellet og legge frå oss bagasjen, før vi traska ut for ein bedre frukost og ein tur på marknaden. Ein smule kaotisk var den, klara du å finne to par like sko?

Under: Verkstad i Hanoi…

Første kvelden tok vi ein bar-til-bar runde og hadde ein bra fest saman med dei vi møtte på bussen til Hanoi. Når kvelden var omme var Ina-Mari og eg svolte som ulvar og klar for nattmat. Vi sat oss på ein moped og mima eting til han, slik at han kunne ta oss med ein stad der vi garantert fekk i oss noko for. Vi enda opp med denne gjengen og vart raskt invitert til å sette oss ned og dele måltidet deira.



Her er vi på veg til water puppet-show, og sit på i ein cyclo…
Koslig og ikkje minst romantisk;)

Her er det verdskjende water-puppet-showet… Ei søt lita framstilling om vietnamesisk kultur.

Dagen etter tok vi turen til Halong Bay for ei kajakk-utflukt. Vi trudde det skulle vere ein god gjeng ungdommar som skulle på tur, men der tok vi feil. Vi enda opp med ein gjeng kun pensjonistar, faktisk ganske så koslig!

Fantastiske Halong Bay!!

Og her er gjengen vi reiste med! Frå Australia og England.


Siste stunda i Hanoi brukte vi på eit lite tempel etter ein lenger og bedre frukost langs innsjøen. Speling i skyggen er eit typisk syn i Vietnam..

Over: John, Ina-Mari, Sebastian, meg og to frå England som vi møtte siste dagen. John og Sebastian møtte vi på bussen til Hanoi og hadde nokre morsomme stunder med dei dei dagane vi budde i Hanoi.
Vietnam var virkelig eit flott land med mykje interessant historie, og ikkje minst vakre stadar… Skulle glatt ha vore der lenger også.


